Om meg
Eg heiter Monica T Rygnestad, og har arbeid som fotograf i femten år.
Fotografering har alltid vore meir enn berre eit yrke for meg – det er ei livsform, ein måte å sjå og formidle verda på. Eg arbeider med dei fleste typar foto, men kunstfoto ligg hjartet mitt aller nærast.
Gjennom kameraet prøver eg å fange det ekte og levande – dei små augneblikka som fortel store historier. Eg held til i Valle, midt i vakre Setesdal, og mykje av inspirasjonen min kjem nettopp herfrå. Naturen, lyset og kulturen i Setesdal er ei kjelde til både motiv og meining.
I tillegg til fotografering tilbyr eg digitale tenester og visuell rådgjeving, for deg som ønskjer å styrkje uttrykket ditt på nett eller i eigne prosjekt.
Eg er opptatt av å ta vare på Setesdal si kulturarv og å løfte fram alt det vakre dalen har å by på – gjennom bilete, historier og digital formidling.